Stadig fleire pasientar nyttar fritt behandlingsvalg
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Helse- og omsorgsdepartementet
Nyheit | Dato: 14.11.2019 | Sist oppdatert: 10.01.2020
Nesten 20 000 pasientar har brukt ordninga som gjer at dei raskere har fått helsehjelp eller fått velge seg til den institusjonen som dei meiner har det beste tilbodet. I dei fire første månadane i år er auken på 75 prosent samanlikna med same periode i fjor.
– Vi innførte denne reforma for å gje pasienten valfridom, få ned ventetidene og stimulere sjukehusa til å bli meir effektive. Det er veldig positivt at fleire nyttar seg av den, og at fritt behandlingsval blir meir kjent, seier helseminister Bent Høie.
Nye tal fra Helsedirektoratet syner at over 4 000 pasienter nytta fritt behandlingsval i 1. tertial 2019. Det er ein auke på 75 prosent, samanlikna med same periode i fjor. Totalt har nesten 20 000 pasientar brukt ordninga sidan den blei innført i november 2015.
Fritt behandlingsval-ordninga går ut på at private tilbydarar, også dei utan avtale med regionalt helseføretak, kan godkjennast som leverandørar av spesifikke helsetenester.
Pasienten kan velge behandling hjå desse, så lenge tilbydaren er godkjent gjennom ordninga.