Startar arbeidet med ny lov om forsvars- og tryggingsinnkjøp

Forsvarsdepartementet har sett ned ei ekstern arbeidsgruppe som skal greia ut eit forslag til ny lov om forvars- og tryggingsinnkjøp. Arbeidsgruppa er sett ned etter ei tilråding frå Anskaffelsesutvalget som vart sett ned for å forenkla regleverk knytt til innkjøp.

– At forskrift om forsvars- og tryggingsinnkjøp flyttast over i lov, vil gi auka demokratisk kontroll over regelverket. Dessutan har det eksisterande regelverket potensiale for forenklingar. Eg meiner at forenkling og effektivisering av anskaffingsprosessar er særleg viktig på grunn av den nåverande tryggingspolitiske situasjonen i Europa, for å korte ned tida det tar å kjøpe forsvarmateriell, seier forsvarsminister Bjørn Arild Gram (Sp).

Forsvarsdepartementet vil greie ut eit forslag til ei ny lov i form av ei ekstern arbeidsgruppe - for å sikra kvaliteten på utgreiinga. Arbeidsgruppa vil bestå av ein leiar, to representantar frå advokatbransjen, ein representant frå forsvarsindustrien, ein representant frå Forsvarsmateriell og ein representant med samfunnsøkonomisk bakgrunn.

I tillegg er det oppretta eit sekretariat beståande av ein ekstern sekretariatsleiar og representantar frå Forsvarsdepartementet. Rapporten frå arbeidsgruppa vil vera offentleg. Den skal etter planen leggjast fram innan sommaren 2025.

Marianne Dragsten, som er partnar i Vaar, skal leia arbeidsgruppa. Andre medlemmer er Kjersti Holum Karlstrøm (partnar i SANDS), Alf Amund Gulsvik (partnar i CMS Kluge), Tor Martin Joramo Sikkeland (rådgivar i Forsvarsmateriell), Kirsti Mengshoel (advokat/Legal Counsel i NAMMO) og Malin Arve (professor ved NHH). Det er Simen Hammersvik, stipendiat frå Universitetet i Oslo, som skal leia sekretariatet.

Mandatet

Mandatet til den eksterne utgreiinga om forslag til ny lov om forsvars- og tryggingsinnkjøps er firedelt:

1. Utgreiinga skal laga eit forslag til ny lov om forsvars og tryggingsinnkjøp,

2. Utgreiinga skal vurdera korleis ei ny lov om forsvars- og tryggingsinnkjøp skal samvirke med føresegnene til tryggingslova om tryggleiksgraderte innkjøp og bidra til forenkling for offentlege styresmakter og leverandørar,

3. Utgreiinga skal sørgja for at dei særlege forholda som gjeld for forsvars- og tryggingsinnkjøp blir varetekne innanfor rammene av EØS-retten og WTO-retten og

4. Utgreiinga skal vurdera behovet for ytterlegare tilpassingar i ny forsvars- og tryggingsanskaffingslov som følgje av den noverande tryggingspolitiske situasjonen i Europa.