Statsbudsjettet 2025

Startar vegprosjektet E45 Kløfta i Finnmark i 2025

E45 Kløfta i Finnmark er eit av dei store prosjekta som er prioritert med oppstart i første seksårsperiode av Nasjonal transportplan 2025–2036. Med budsjettforslaget legg regjeringa opp til prosjektstart i 2025.

– Eg er glad for at vi endeleg kan starta vegprosjektet E45 Kløfta i Finnmark. Dagens veg har dårleg standard fleire stadar og er utsett for skred. Det nye prosjektet bidreg til tryggare ferdsel, samstundes som det fjernar ein flaskehals for eksportnæringa mellom Finnmark og Finland/Sverige på vinterstid, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

Stortinget må vedta kostnadsramma før det kan bli anleggsstart på hovudentreprisa. Før regjeringa kan leggje fram forslag til Stortinget må det gjennomførast ei ekstern kvalitetssikring (KS2).

Sak til Stortinget skal fram så raskt som mogleg, vonleg våren 2025.

– Vi vil jobbe for raskast mogleg oppstart av prosjektet. Prosjektet skal få det dei treng i 2025 og i dei etterfølgjande åra, seier Nygård.

Som ein del av dei førebuande arbeida i 2025 vil det mellom anna bli lagt straum til prosjektet. Det vil dermed vera fysiske arbeider på prosjektet allereie til neste år.