Staten har inngått regionvekstavtale med Rogaland fylkes-kommune om grøn industriutvikling
Pressemelding | Dato: 30.10.2024 | Kommunal- og distriktsdepartementet
Kommunal- og distriktsminister Erling Sande har i Stavanger i dag signert regionvekstavtale med Rogaland fylkeskommune om eit felles løft for grøn industriutvikling. Avtalen er meint å styrkje samarbeidet på tvers av ulike forvaltningsnivå og fylkeskommunen si rolle som samfunnsutviklar.
Fylkeskommunen har ansvar for å konkretisere innsatsområda i avtalen og å foreslå oppfølgingspunkter og tiltak til drøfting.
– Arbeidet med førebuing og oppfølging krev ressursar. Difor gir regjeringa med noko pengar til å koordinere arbeidet i fylkeskommunen, seier kommunal- og distriktsminister Erling Sande.
Han seier videre at staten må samarbeide tett med kommunar og fylkeskommunar for å lukkast med den grøne omstillinga.
– Grøn industriutvikling vedkjem fleire sektorar, og handlar til dømes om tilgang på næringsareal, kompetanse, kraft og mineral, og det set krav til planarbeidet i kommunane. Desse emna er derfor valde ut som innsatsområde i avtala med Rogaland, seier Erling Sande.
Rogaland og Nordland er pilotfylke
Regionvekstavtala inneber ein ny måte å jobbe saman på. Saman med dei to pilotfylka Nordland og Rogaland har Kommunal- og distriktsdepartementet utvikla eit avtalekonsept der politisk samråd mellom staten og fylkeskommunen er eit berande element. Avtala med Nordland fylkeskommune blei signert tidlegare i oktober.
Hovudmålet med avtala er å utvikle betre samarbeid og samanheng mellom ulike politikkområde, forvaltningsnivå og sektorar, slik at den samla innsatsen blir meir treffsikker. Målet er styrkt samarbeid om å utvikle og prøve ut nye løysingar for ei meir effektiv gjennomføring av felles mål.
− Eg har tru på at tettare samhandling mellom staten og fylkeskommunen vil gi betre og meir effektiv oppfølging av måla våre. Begge partar vil hauste lærdom som er viktig i gjennomføringa av eit grønt industriløft, både i pilotfylka og i resten av landet, seier kommunal- og distriktsministeren.
Fylkesordføraren ser fram mot samarbeidet
Fylkesordførar Ole Ueland (H), ser fram til å møte departementa til årlege politiske samråd, som grunnlag for målretta arbeid for grøn industriutvikling.
– Avtalen gir oss høve til å forsterkje samarbeid og innsats innanfor fleire prioriterte område, der rogalandssamfunnet har høge ambisjonar. Vi håpar han vil gi fylket vårt auka merksemd og støtte opp under satsinga vår på grøn industri. Samtidig gir avtalen gir oss ein samarbeidsarena for betre dialog med ulike departement, både politisk og administrativt. Vi ser fram til fortsetjinga og eit godt samarbeid, seier Ueland.