Statlege reguleringsplanar for Nye Oslo universitetssjukehus på Aker og Gaustad er vedtekne

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Føremålet med reguleringsplanane er å legge til rette for utvikling av Rikshospitalet og Aker i samsvar med målbiletet for Oslo universitetssjukehus (OUS). Målbiletet blei vedteke i føretaksmøte for Helse Sør-Øst RHF 24. juni 2016 og godkjent av dåverande helseminister. Målbiletet inneber at det skal etablerast eit samla regionsjukehus med lokalsjukehusfunksjonar på Gaustad, eit lokal¬sjukehus på Aker og eit spesialisert kreftsjukehus på Radiumhospitalet. I tillegg skal det etablerast ei regional sikkerheitsavdeling på Ila til erstatning for dagens verksemd på Dikemark.

Helse- og omsorgsdepartementet oppmoda i april 2022 Kommunal- og distriktsdepartementet om at den vidare planlegginga blei gjennomført som statlege reguleringsplanar, med KDD som planstyresmakt. Oppmodinga blei imøtekome.

- I Hurdalsplattforma blei det varsla at endringar i sjukehusstrukturen i Oslo skulle gjennomførast i samsvar med vedtekne planer. Som ei oppfølging av dette har Kommunal- og distriktsdepartementet i dag vedteke reguleringsplanane for sjukehusområda på Gaustad og Aker, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik.

Helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol (Ap) viser til at Oslo universitetssjukehus har eit regionalt og nasjonalt ansvar innanfor mange fagområde.

- Eg har følgt utviklinga av planane for Gaustad og Aker, og besøkt byggeprosjektet på Radiumhospitalet og den nye storbylegevakta på Aker.Oslo universitetsjukehus har eit stort behov for nye bygg, med moderne standard. At vi no kjem i gong med bygginga er derfor viktig både for pasientane og fagfolka. Dette er eit viktig nasjonalt prosjekt. Om lag halvparten av behandlinga ved OUS gjeld pasientar frå andre stader enn Oslo. Sjukehuset har óg eit stort ansvar når det gjeld medisinsk forsking og utdanning av helsepersonell i Noreg. Eg er veldig glad for at Oslo universitetssykehus no kjem i gong med dei siste to store prosjekta, seier Kjerkol.

Oslo universitetssykehus er lokalsjukehus for deler av Oslo si befolkning, akuttsjukehus for store deler av Oslo-området, regionsjukehus for innbyggjarar i Helse Sør-Aust og har ei rekkje nasjonale oppgåver. Sjukehuset er det største i landet med over 24 000 tilsette og har eit budsjett på ca. 27,5 milliardar kroner.

 

Les meir om prosjekta her: