Over ni av ti stod på statsborgarprøva

5 333 personar tok statsborgarprøva i 2023 og 91,3 prosent klarte prøva. Prøva er eit viktig steg på vegen til å få norsk statsborgarskap.

– Me ønskjer at innvandrarar og flyktningar skal integrerast så raskt som mogleg, få seg jobb og bli aktive deltakarar i lokalsamfunn over heile landet. Det krev både språkkunnskap og ei god forståing av det norske samfunnet. E eg glad for at over ni av ti klarer statsborgarskapsprøva, og det er berre å gratulere, seier arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna.  

Talet på deltakarar som står på prøva er jamt over høgt i heile landet. Best resultat har Oslo og Vestland med  93,9 og 93 prosent.

– Sidan statsborgarprøva vart etablert i 2017, har me sett ein auke i delen kandidatar som står. Det er ein positiv trend som viser at dei har opparbeidd seg ferdigheiter i norsk og kunnskap om det norske samfunnet, seier Sveinung Skule, direktør i Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Direktoratet lagar prøva på oppdrag frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet.

Statsborgarprøva er ei kunnskapsprøve med utgangspunkt i Læreplan for opplæring i samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar. Prøva inneheld 32 poenggivande spørsmål, der deltakarane må svara rett på minst 24 av dei for å stå. Viss du skal søkje om norsk statsborgarskap, og er mellom 18 og 67 år, må du ha stått på statsborgarprøva eller prøva i samfunnskunnskap på norsk.

 

Antall deltakere

Andel bestått

Agder

241

90,0

Innlandet

232

91,8

Møre og Romsdal

198

88,4

Nordland

144

82,6

Oslo

1098

93,9

Rogaland

539

91,5

Troms og Finnmark

203

86,7

Trøndelag

368

89,1

Vestfold og Telemark

259

87,6

Vestland

599

93,0

Viken

1452

91,9

Totalt

5333

91,3