Statsbudsjettet 2025

2,4 milliardar kroner til kjøp av regionale flyruter

– Eit godt og tilgjengeleg flyrutetilbod i heile landet er ein viktig prioritet for regjeringa, og vi har meir enn dobla tilskotet til FOT-rutene, med dei nye avtalene som tredde i kraft i 2024. I 2024 har vi styrkt tilbodet med halvering av maksimalprisane, styrking av kapasiteten og to nye ruter. Desse tiltaka vil vi halde fram med i 2025, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

Regjeringa gjennomførte i 2024 ei halvering av maksimaltakstane i dei nye FOT-ruteavtalane. I tillegg blei kapasiteten styrka, og dei to nye rutene Kirkenes-Tromsø og Stord-Oslo blei inkludert i ordninga. Dei nye avtalane tredde i kraft 1. april og 1. august 2024.

Regjeringa vidarefører dei nye tiltaka i 2025. Regjeringa foreslår å auke løyvinga med 492,5 millionar kroner frå saldert budsjett 2024, som i hovudsak er heilårseffekt av dei nye avtalane. Totalt foreslår regjeringa å løyve 2,4 milliardar kroner til kjøp av regionale flyruter, dei såkalla FOT-rutene, i 2025.

– Luftfarten er avgjerande for å sikre befolkninga i heile landet tilgang til helsetenester, utdanning og andre offentlege tenester, effektive arbeidsreiser, privatreiser, moglegheiter for utvikling av reiselivsnæringa, og frakt av post og tidskritiske varer. Dette gjeld ikkje minst i distrikta, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

Tilbakemeldingsskjema

Fant du det du lette etter?

Tusen takk for ditt svar!

Det er ikke deg, det er oss.

Det oppsto en uventet feil med serveren. Prøv igjen senere.