Statsbudsjettet 2025

27,4 millionar kroner til pilotprosjekt for utsleppsfrie anleggsplassar

Regjeringa legg til rette for vidare testing av utsleppsfrie anleggsplassar i transportsektoren ved å foreslå å løyva 27,4 millionar kroner i statsbudsjettet for 2025, og 15 millionar i tilsegn for seinare år.

– Pilotprosjekt for utsleppsfrie anleggsplassar er eit viktig tiltak for å dra i gang grøn omstilling av bygg- og anleggsbransjen. Anleggsplassane har eit større utslepp av klimagassar, og dette ønskjer regjeringa å få ned. Regjeringa legg til rette for mindre risiko og lågare kostnader, og det gjer det enklare å velja nullutsleppsløysingar, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

Det er nødvendig å kutta utsleppa frå anleggsplassar i transportsektoren for at Noreg skal nå klimamåla sine. Utsleppa frå bygg- og anlegg frå transportverksemdene er om lag dobla sidan 1990.

– Det er dyrt for utbyggjarane å skaffa nullutsleppsmaskiner. Ei elektrisk gravemaskin kostar omtrent tre gonger så mykje som ei dieselgravemaskin. Dette er med på å gjera overgangen vanskeleg. Med vidareføringa av satsinga ønskjer me at fleire tek steget over på nullutslepp, seier Nygård.

Sidan 2022 har Stortinget løyvd pengar til pilotprosjekt for utsleppsfrie anleggsplassar i transportsektoren. Pilotprosjekta blir gjennomførte av Statens vegvesen, Bane NOR SF og Nye vegar AS.

Tilbakemeldingsskjema

Fant du det du lette etter?

Tusen takk for ditt svar!

Det er ikke deg, det er oss.

Det oppsto en uventet feil med serveren. Prøv igjen senere.