Statsbudsjettet 2025

Regjeringa følgjer opp Nasjonal transportplan

Regjeringa foreslår å løyve 95,2 milliardar kroner til formål innanfor NTP, ein auke på 1,7 milliardar kroner frå 2024. – Vi følgjer opp prioriteringane i den nye transportplanen. Satsinga på drift og vedlikehald på vegar og jernbane vil gje folk betre og meir føreseieleg transport i kvardagen, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

Forslaget til løyvinga på 95,2 milliardar kroner til Nasjonal transportplan 2025–2036 inkluderer pengar som kjem under rammetilskotet frå Kommunal- og distriktsdepartementet og gjennom løyvingar til Kystverket.

– Med forslaget følgjer regjeringa opp viktige prioriteringar i NTP. Vi styrker framkome og tryggleik på vegane våre og punktlegheita i jernbanen. Vi tek betre vare på det vi har, utbetrer der vi kan, og vi byggjer nytt der vi må, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

Viktige prioriteringar

  • Vedlikehald av riksveg – aukar med 1,1 milliardar kroner
  • Drift, vedlikehald og fornying av jernbanen – aukar med 3,2 milliardar kroner

Det vert starta opp fleire nye mindre investeringsprosjekt på veg, jernbane og i dei største byområda. Regjeringa legg òg opp til prosjektstart i 2025 på E45 Kløfta i Finnmark og Fellesprosjektet Vossebanen/E16 Arna–Stanghelle i Vestland. Framdrifta skal vere så rask som mogleg.

Satsinga på attraktive og klimavennlege byar med god framkome og betre  kollektivtilbod gjennom byvekst- og belønningsavtalane blir vidareført. Det er sett av pengar i 2025 til å starte opp fleire nye mindre investeringstiltak i dei fire største byområda.

Grønt skifte og transportforsking

– Noreg skal vere langt framme i det grøne skiftet og tidleg ute med bruken av ny teknologi. Difor prioriterer regjeringa arbeidet med å etablere Noreg som ein arena for å teste ut luftfart med null- og lågutslepp. Vi set òg av pengar til ei ny senterordning for forsking, Transport 2050, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

Transport 2050 skal produsere kunnskap vi treng for å nå målet om at Noreg skal bli eit lågutsleppssamfunn i 2050 og vil bidra til grunnlaget for nye transportplanar.