Statskog inngår avtale om dronebasert hogst

Statskog vil modernisera norsk skognæring og inngår no ein avtale med ein svensk utviklar på jakt etter berekraftige løysingar.

Bildet viser skog og kollar utover terrenget i solnedgang.
Statskog vil lyfta norsk skognæring og inngår ein avtale med ein svensk utviklar. Saman skal dei utforska moglegheita for å driva med dronebasert hogst i norske skogar. Foto: Steinar Johansen/Statskog

- Me er heile tida på jakt etter forbetringar, både for å styrka vår eiga skogdrift og for å bidra med å utvikla heile den norske skognæringa. Dronebasert hogst er utruleg spennande og kan bidra med gode løysingar på utfordringar som skognæringa står i, seier administrerande direktør Gunnar Lien i Statskog.

Det svenske selskapet Air Forestry driv i skjeringspunktet mellom hi-tech, kunstig intelligens, aggregat og batteritilhengarar.

Bildet viser felte tre som ligg på bakken i eit typisk skogbruksområde der trea står tett saman.
- Kor dette vil enda, veit me ikkje, men det er ei spennande reise som me vil heia på her i Noreg òg, seier administrerande direktør Gunnar Lien i Statskog om dronebasert hogst. Foto: Colourbox

- Regjeringa ser på skogen og verdikjedene som bygger på han som heilt sentrale verktøy for å lukkast med dei omstillingane som me står midt oppe i - det grøne skiftet og klimautfordringane, seier landbruks- og matminister Geir Pollestad.

Statskog er den største skogeigaren i Noreg. Gjennom sertifisert og høgteknologisk drift bidreg dei til at norsk skognæring blir ei sterk og viktig brikke i klimaløysinga. Statskog forvaltar om lag 5,5 millionar dekar produktiv skog.