Statsministeren besøkjer Lillestrøm, Kjeller og Gardermoen
Kalenderhending | Jonas Gahr Støre
Stad:
Statsminister Jonas Gahr Støre er på reise til Lillestrøm, Kjeller og Gardermoen.
Kl. 09.00: Statsministeren deltek på Pensjonistforbundets landsmøte. Stad: Thon Hotel Arena, Lillestrøm.
Kl. 10.25: Statsministeren besøkjer Åråsveien bo- og omsorgssenter på Kjeller. Tema for besøket er heiltidskultur, og Åråsveien bo- og omsorgssenter har lukkast med dette arbeidet. Adresse: Åråsveien 16B, 2007 Kjeller.
Kl. 12.00: Statsministeren møter tilsette ved Oslo lufthamn. Dei tilsette ved Oslo lufthamn legg ei tung tid bak seg med pandemi og nedstigningar, og flyplassen er no i full drift att. Statsministeren deltek på eit ope møte for tilsette i kantina. Adresse: Edvard Munchs veg, 2061 Gardermoen.
Av sikkerheitsmessige årsaker må presse som ønskjer å dekke besøket på Oslo lufthamn, ta kontakt med kommunikasjonsrådgivar Helene Megaard, telefon 98 83 62 99, e-post hem@smk.dep.no, for akkreditering.
Pressekontaktar er politisk rådgivar Emma Svarva Giskås, telefon 93 80 94 69, e-post esg@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Helene Megaard, telefon 98 83 62 99, e-post hem@smk.dep.no.