Statsministeren besøkjer øvinga Cold Response 2022
Pressemelding | Nr: 58/22 | Dato: 21.03.2022 | Statsministerens kontor, Forsvarsdepartementet
Statsminister Jonas Gahr Støre besøkjer Cold Response i Nord-Noreg søndag 27. mars. Statsministeren skal besøkje både norske og utanlandske styrkar i området rundt Bardufoss. Besøket varer mellom om lag kl. 09:30 - 17:30.
Cold Response 2022 er ei norsk militærøving der allierte og partnernasjonar er inviterte til å delta. Øvinga vert gjennomført 14.–31. mars 2022. Her er meir informasjon om øvinga: Informasjon til media - Forsvaret
Forsvarssjefen, general Eirik Kristoffersen, er vertskap for besøket og vil følge med heile dagen. Besøket byrjar med besøk hos Hæren. Under er angitte circa-tider for de ulike besøka:
10:00: Besøk hos Artilleribataljonen i Bardufoss (vi vil gje beskjed til påmeldte frå pressen om eksakt oppmøtestad. Vi kan hjelpe til med transport/bil som viser vegen frå flyplassen om lag kl. 09:35 slik at dei som kjem med flyet kl. 09:20 frå Oslo rekk å bli med).
11:30: Besøk til hovudkvarteret til den svensk-finske brigaden.
13:30: Besøk til Sjøforsvaret som stiller med eit fartøy kor Sjef Sjøforsvaret og sjefen for Kystvakta deltek.
15:30: Besøk til Sanitetsbataljonen sitt feltsjukehus. Her deltek Sjef Hæren og sjefen for Brigade Nord.
17:30: Besøk hos amerikanske styrker i nærleiken
Presse som ønskjer å dekke besøket i Bardufossområdet må akkreditere seg til Forsvaret. Påmelding innan fredag 25. mars kl. 14.00 til e-postadressa info@mil.no. Ta med gyldig pressekort og ID.
Praktisk informasjon:
Det er mogleg å delta med eigen bil eller Forsvaret kan støtte med eigna transport mellom avdelingane som skal besøkast. Vi kontaktar alle som melder seg på med skildring av oppmøtestad, styrkar som skal besøkast og program for dagen. På grunn av avgrensingar på kor mange som kan vere til stades under nokre av besøka, kan det vere at ikkje alle påmeldte kan vere med på alt.
Pressekontaktar for statsministeren:
Kommunikasjonsrådgivar Ingrid Brandal Myklebust, e-post ingrid-brandal.myklebust@smk.dep.no, telefon 99 50 19 17.
Pressekontakt i Forsvarsdepartementet:
Kommunikasjonsrådgivar Lars Gjemble, e-post lgj@fd.dep.no, telefon 90 97 38 91.
Pressekontakt i Forsvaret
Oberstløytnant Vegard Norstad Finberg, e-post vfi@fd.dep.no, telefon 95 30 36 36.