Statsministeren besøkjer Sunnfjord kommune

Stad:

Statsminister Jonas Gahr Støre besøkjer Sunnfjord kommune.

Kl. 10.15: Statsministeren deltek på opninga av Jølstra Kraftverk. Adresse: Firdavegen, Førde.

Kl. 11.40: Statsministeren besøkjer BUP i Førde der han mellom anna skal møte tilsette og brukarar av tilbodet. Adresse: Svanehaugvegen 2.

Kl. 13.00: Statsministeren besøkjer bedrifta SumTrans som bistår Sunnfjord Miljøverk med innsamling av avfall. Her får han mellom anna møte tilsette som har kome i arbeid gjennom eit prosjektsamarbeid med NAV og Helse-Vest. Adresse: Flovegen 12, Førde.

Kl. 15.00: Statsministeren besøkjer BUA Sunnfjord – ein sentral der ein kan låne utstyr gratis. Her skal han møte flyktningar frå Ukraina og ein tilsett ved ein ungdomsskule som er brukarar av ordninga. Adresse: Prestebøen 8, Førde.

Pressekontaktar er statssekretær Siri Storstein Hytten, telefon 48 11 45 14, e-post ssh@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Ingrid Brandal Myklebust, telefon 99 50 19 17, e-post ibm@smk.dep.no