Statsministeren besøkjer Vestland
Pressemelding | Nr: 89/22 | Dato: 01.06.2022 | Statsministerens kontor
Statsminister Jonas Gahr Støre besøkjer Gulen og Hyllestad kommunar i Vestland fylke tysdag 7. juni. LO-leiar Peggy Hessen Følsvik og NHO-leiar Ole Erik Almlid er også med på besøket.
Program:
Kl. 10.40: Besøk til Equinors prosjekt Hywind Tampen. Det blir først presentasjon på hotellet og deretter omvising i buss på anleggsområdet for å sjå på arbeidet med å montere vindturbinar.
Stad: Vidsyn arbeidshotell, Sløvågen 2.
Akkreditering til kriah@equinor.com innan søndag 5. juni. Pressekontakt for Equinor er pressetalsperson Gisle Ledel Johannessen, e-post gijoh@equinor.com, telefon 95 72 44 87.
Kl. 15.00: Besøk til verftet Havyard Leirvik der tema mellom anna er deira arbeid med havvind-skip og elektrifisering. Det vil bli omvising i verftet og om bord i ei ferje.
Stad: Havyard Leirvik, Bøfjordvegen 260.
Kl. 16.00: Statsministeren besøkjer eit fiskefarty saman med Norges fiskarlag og lokale fiskarar for å snakke om sameksistens mellom havvind og fiskerinæringa.
Stad: Kaia ved Havyard Leirvik.
Pressekontaktar er statssekretær Tale Benedikte Jordbakke, telefon 97 65 14 57, e-post tjo@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Ingrid Brandal Myklebust, telefon 99 50 19 17, e-post ibm@smk.dep.no.
Presse som ønsker å følge statsministeren på heile eller delar av besøket, kan kontakte Ingrid Brandal Myklebust på ibm@smk.dep.no i løpet av denne veka.