Statsministeren deltek på ein konferanse om EØS og den indre marknaden

Stad: Oslo Kongressenter

Statsminister Jonas Gahr Støre deltek på ein konferanse om EØS og den indre marknaden.

På seminaret, organisert av UD, i samarbeid med NFD, LO og NHO, møter statsministeren den tidlegare italienske statsministeren, Enrico Letta, leiar av EØS-utvalet Line Eldring, LO-leiar Peggy Hessen Følsvik og NHO-leiar Ole Erik Almlid til samtalar om Noreg si rolle i eit Europa i endring.

Det vil bli høve til intervju med statsministeren i etterkant av konferansen.

Presse som ønskjer å vere til stades må melde seg på her innan fredag 30. august. Vi ber om at interesserte i tillegg gir beskjed til kommunikasjonsrådgivar Andreas Bondevik, telefon 40 23 24 54, e-post ab@smk.dep.no.