Statsministeren deltek på toppmøte i Det europeiske fellesskapet (EPC)
Pressemelding | Dato: 13.09.2023 | Statsministerens kontor
Torsdag 5. oktober deltek statsminister Jonas Gahr Støre på toppmøtet i Det europeiske politiske fellesskapet (EPC) i Granada i Spania.
EPC er eit forum for politisk dialog i Europa som omfattar 47 land. I EPC skal politiske og sikkerheitspolitiske spørsmål av felles interesse drøftast i ein brei europeisk samanheng. Vi kjem tilbake med meir informasjon om programmet.
Frist for presseakkreditering er 19. september. Bruk denne lenka: Accreditation media (eu2023.es)
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Tone Hertzberg, telefon 91 19 13 13, e-post the@smk.dep.no.