Statsministeren deltek på toppmøte på Gotland om forsvars- og sikkerheitspolitkk
Pressemelding | Dato: 03.10.2023 | Statsministerens kontor
Statsminister Jonas Gahr Støre møter ei rekke nordeuropeiske stasleiarar til toppmøte om sikkerheits- og forsvarspolitikk i Visby på Gotland fredag 13. oktober.
Møtet er i regi av det regionale forsvarssamarbeidet JEF (Joint Expeditionary Force) som er starta av av Storbritannia og inkluderer, forutan Noreg og Sverige, Danmark, Estland, Finland, Island, Latvia, Litauen, Nederland og Polen.
JEF er ein viktig regional arena for sikkerheitspolitisk dialog, operativt militært samarbeid og informasjonsutveksling om sentrale sikkerheitsutfordringar. Det meste av samarbeidet skjer mellom dei respektive lands forsvarsmyndigheiter, men dette blir det fjerde møtet på statsleiarnivå.
Torsdag 12. oktober
Statsministeren deltek på ein uformell middag med sine nordiske og baltiske kolleger om kvelden 12. oktober.
Fredag 13. oktober
Fredag 13. oktober er sjølve JEF-møtet i tillegg til bilaterale samtalar.
Presse som ønskjer å delta må akkreditere seg innan utgangen av torsdag 5. oktober. Sjå informasjon og lenkje til akkreditering her: Toppmöte på Gotland om försvars- och säkerhetspolitiska frågor - Regeringen.se
Pressekontakt for statsminister Jonas Gahr Støre er statssekretær Kristoffer Thoner, telefon 97 68 14 80, e-post kth@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Camilla Pettersen, telefon 95 10 50 64, e-post cp@smk.dep.no.
Vi ber om at norsk presse som ønskjer å vere med, tek kontakt med Camilla Pettersen.