Statsministeren deltek på toppmøtet i Det europeiske fellesskapet (EPC)

Stad: Storbritannia

Statsminister Jonas Gahr Støre deltek på toppmøtet i Det europeiske fellesskapet (EPC) på Blenheim Palace i Storbritannia.

EPC blei etablert i 2022 og er eit forum for politisk dialog i Europa som omfattar 47 land. Forumet består primært av stats- og regjeringssjefar og møtast halvårleg for å drøfte politiske og sikkerheitspolitiske spørsmål i ein brei europeisk samanheng.

Presse som er interessert i å vere med kan ta kontakt med SMK ved smkinfo@smk.dep.no for akkrediteringsskjema så raskt som råd og seinast innan måndag 24. juni.

Pressekontaktar er politisk rådgivar Sunniva Nielsen Bjerkaas, telefon 95 88 98 93, e-post snb@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Ingrid Brandal Myklebust, telefon 99 50 19 17, e-post ibm@smk.dep.no.