Statsministeren deltek ved markeringa av frigjeringsdagen og nasjonal veterandag

Stad: Akershus festning

Statsminister Jonas Gahr Støre deltek ved markeringa av frigjeringsdagen og nasjonal veterandag på Akershus slott og Akershus festning.

På føremiddagen er statsministeren vert for ein lunsj på Akershus slott for dei som har fått tildelt medalje for særleg innsats, tapperheit og leiing.

Om lag klokka 14.35 er statsministeren og forsvarsministeren til stades ved målgang ved Veteranmonumentet i samband med sykkelturen «På hjul med veteraner». «På hjul med veteraner» er ein årleg sykkeltur 8. mai for å synleggjere og heidre dagens veteranar.

H.K.H. Kronprinsen er til stades og statsministeren taler i ein medaljeseremoni på Akershus festning frå kl. 15.00.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 97 53 09 48, e-post ano@smk.dep.no.