Statsministeren er i Karasjok og Alta
Kalenderhending | Jonas Gahr Støre
Stad: Karasjok og Alta
Statsminister Jonas Gahr Støre er i Karasjok og Alta.
Kl. 09.00: Statsminister Jonas Gahr Støre og sametingspresident Silje Karine Muotka besøker reindriftssamar i Karasjok. Transport til sidaen vil vere med scooter, og det vil bli sett opp transport med scooter også for presse. Presse som ønskjer å vere med på besøket, må akkreditere seg til rvi@smk.dep.no seinast måndag 6. mars kl. 15.00. Det er avgrensa med plassar for pressa, så vi kan derfor ikkje garantere at alle som ønskjer får plass.
Kl. 13.30: Statsminister Jonas Gahr Støre møter sametingspresident Silje Karine Muotka. Det er ikkje tilgang for pressa i dette møtet, men det blir lagt opp til eit pressemøte etterpå, tentativt kl. 14.30. Adresse: Sametinget, Ávjovárgeaidnu 50, Karasjok.
Kl. 15.00: Statsministeren helser Sametinget i plenum. Adresse: Sametinget, Ávjovárgeaidnu 50, Karasjok.
Kl. 19.00: Statsministeren opnar Borealis vinterfestival. Adresse: På snøscenen i Alta sentrum.
Pressekontaktar for statsministeren er politisk rådgivar Emma Svarva Giskås, telefon 93 80 94 69, e-post esg@smk.dep.no og kommunikasjonssjef Anne Kristin Hjukse, telefon 99 21 46 10, e-post ahj@smk.dep.no.