Statsministeren er i Trøndelag
Kalenderhending | Jonas Gahr Støre
Stad: Trøndelag
Statsminister Jonas Gahr Støre er på reise i Trøndelag.
Kl. 09.45: Statsministeren møter studentar og tilsette ved AI-laben på NTNU i Trondheim, og får ei orientering om deira arbeid med kunstig intelligens. Pressa er velkomen til å vere med på besøket. Adresse: NTNU Gløshaugen, IT-bygget, 3. etasje, Sem Sælandsvei 9
Kl. 10.30: Statsminister Jonas Gahr Støre deltek på kickoff for regjeringa sin digitaliseringsstrategi på NTNU. Kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik deltek digitalt. Sjå eiga nettsak for fleire detaljar og overføring av arrangementet. Adresse: NTNU, Gløshaugen, Elektrobygget, Auditorium El 5, O.S. Bragstads plass 2, Trondheim.
Kl. 13.00: Statsministeren besøkjer Skaun ungdomsskole. Tema for besøket er korleis ein kan få ein meir praktisk ungdomsskole. Adresse: Rossmovegen 6, 7353 Børsa
Kl. 14.00: Statsministeren besøkjer Orkanger der han møter to ukrainske flyktningar, Yevheniia Korobova og Inna Lobova, som er farmasøytar og har praksis på Vitus apotek i Orkanger, samstundes som dei får norskopplæring. Nav-rettleiar er også til stades. Adresse: Vitus apotek, Amfi Oti-senteret, Orkanger.
Kl. 16.15: Statsministeren besøkjer Fosslia omsorgssenter i Stjørdal, ein institusjon spesielt tilrettelagt for demente. Adresse: Bygg C, Fossliåsen 28, Stjørdal
Pressekontaktar er politisk rådgivar Emma Svarva Giskås, telefon 93 80 94 69, e-post esg@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Tone Hertzberg, telefon 91 19 13 13, e-post the@smk.dep.no.