Statsministeren inviterer til halvårleg oppsummerande pressekonferanse

Adresse: Parkveien 45

Stad: Regjeringa sitt representasjonsanlegg

Statsminister Jonas Gahr Støre inviterer til halvårleg oppsummerande pressekonferanse før jul, i regjeringa sitt representasjonsanlegg i Oslo.

Det vert enkel servering for pressefolk frå kl. 10.30.

Presse som vil vere til stades, må melde seg på til smkinfo@smk.dep.no innan søndag 17. desember.

Inngang via Riddervoldsgate 2. Ta med pressekort og gyldig ID. Presse som ønskjer å rigge til pressekonferansen kan møte opp frå kl. 10.00.

Pressekontakt er statssekretær Halvard Ingebrigtsen, telefon 91 55 12 53, e-post hin@smk.dep.no og kommunikasjonssjef Anne Kristin Hjukse, telefon 99 21 46 10, e-post ahj@smk.dep.no.