Statsministeren inviterer til oppsummerande pressekonferanse

Stad: P45

Statsminister Jonas Gahr Støre inviterer til oppsummerande pressekonferanse før jul, i regjeringa sitt representasjonsanlegg.

Det vert enkel servering for pressefolk i Parkveien 45 frå kl. 10.30.

Pressefolk som vil vere til stades, må melde seg på til rvi@smk.dep.no innan søndag 18. desember.

Inngang via Riddervoldsgate 2. Ta med pressekort og gyldig ID. Presse som ønskjer å rigge til pressekonferansen kan møte opp frå kl. 10.00.

Pressekontaktar er statssekretær Kristoffer Thoner, telefon 97 68 14 80, e-post kth@smk.dep.no og kommunikasjonssjef Anne Kristin Hjukse, telefon 99 21 46 10, e-post ahj@smk.dep.no.