Statsministeren leier eit møte i regjeringa sitt kontaktutval for partane i arbeidslivet
Kalenderhending | Jonas Gahr Støre
Stad:
Statsminister Jonas Gahr Støre leier eit møte i regjeringa sitt kontaktutval for partane i arbeidslivet. Tema for møtet er statsbudsjettet for 2025.
Møtet er på Statsministerens kontor, i Glacisgata 1. Det vil vere ei fotomoglegheit ved starten av møtet. Oppmøte for fotografar seinast kl. 09.30.
Etter møtet, om lag kl. 11.30, vil møtedeltakarane vere tilgjengelege for presse. Me ber om påmelding til rvi@smk.dep.no innan tysdag kl. 09.00. For akkreditert presse er oppmøte seinast kl. 11.00. Ta med gyldig pressekort og ID.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Tone Hertzberg, telefon 91 19 13 13, e-post the@smk.dep.no.