Statsministeren leier eit møte i regjeringa sitt kontaktutval med partane i arbeidslivet
Kalenderhending | Jonas Gahr Støre
Stad: Statsministerens kontor
Statsminister Jonas Gahr Støre leier eit møte i regjeringa sitt kontaktutval med partane i arbeidslivet. Tema for møtet er den økonomiske situasjonen og tariffoppgjeret 2023.
Møtet går føre seg på Statsministerens kontor, i Glacisgata 1. Det vil vere mogleg for fotografar å arbeide ved starten av møtet. Oppmøte for fotografar seinast kl. 11.30.
Etter møtet, om lag kl. 14.00, vil møtedeltakarane vere tilgjengeleg for presse. Me ber om påmelding til rvi@smk.dep.no innan torsdag 9. februar kl. 14.00. For akkreditert presse er oppmøte seinast kl. 13.30. Ta med gyldig pressekort og ID.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Tone Hertzberg, telefon 91 19 13 13, e-post the@smk.dep.no.