Statsministeren møter Estlands statsminister

Stad: Statsministerbustaden

Statsminister Jonas Gahr Støre møter Estlands statsminister Kaja Kallas. Samtalen finn stad i statsministerbustaden.

Tema for møtet er mellom anna krigen i Ukraina, sikkerheit og forsvar og grøn energiomstilling. Det vert fotomoglegheit ved møtestart. Presse som ønskjer å ta bilete blir bedt om å møte kl. 11.15 i Riddervoldsgate 2. Ta med gyldig pressekort og id.

Det blir eit pressemøtet ca. kl. 13.20. Oppmøte for pressefolk i Riddervoldsgate 2 seinast kl. 12.45. Presse kan akkreditere seg til rvi@smk.dep.no innan onsdag 6. april kl. 09.00.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Kaja Schill Godager, telefon 91 91 98 93, e-post ksg@smk.dep.no.