Statsministeren møter fredsprisvinnarane frå Nihon Hidankyo

Stad: Parkveien 45

Statsministeren møter fredsprisvinnarane Terumi Tanaka, Shigemitsu Tanaka og Toshiyuki Mimaki frå Nihon Hidankyo til samtale i regjeringas representasjonsanlegg i Parkveien 45.

Ein fotopool kan vere til stades ved starten av møtet. Norske deltakarar i poolen er NTB og  NRK TV. Oppmøte ved inngangen i Riddervoldsgate 2, seinast kl. 09.00

Om lag kl. 10.15 vil statsminister Jonas Gahr Støre og fredsprisvinnarane frå Nihon Hidankyo møte pressa. Oppmøte i Riddervoldsgate 2, seinast kl. 09.00.

Pressemøtet vert halde på engelsk og japansk, med simultan oversetjing til engelsk.

Presse som ønskjer å vere til stades på pressekonferansen må melde seg på til rvi@smk.dep.no innan måndag 9. desember kl. 12.00. Alle må ha med gyldig pressekort og ID. Ved stor pågang, vil ikkje alle kunne få plass.

Pressekontakt er kommunikasjonssjef Anne Kristin Hjukse, telefon 99 21 46 10, e-post ahj@smk.dep.no.