Statsministeren møter Litauens president
Kalenderhending | Jonas Gahr Støre
Stad: Statsministerbustaden
Statsminister Jonas Gahr Støre møter Litauens president Gitanas Nausėda. Møtet finn stad i statsministerbustaden.
Tema for møtet er mellom anna krigen i Ukraina, sikkerheit og forsvar. Det vert fotomoglegheit ved møtestart. Presse som ønskjer å ta bilete blir bedt om å møte kl. 16.00 i Riddervoldsgate 2. Ta med gyldig pressekort og id.
Det blir eit pressemøte kl. 17.30. Oppmøte for pressefolk i Riddervoldsgate 2 seinast kl. 17.00. Presse kan akkreditere seg til rvi@smk.dep.no innan måndag 13. februar kl. 14.00.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Helene Hoddevik Mørk, telefon 94 35 98 81, e-post hhm@smk.dep.no.