Statsministeren møter Moldovas president
Kalenderhending | Jonas Gahr Støre
Stad: Statsministerbustaden
Statsminister Jonas Gahr Støre møter Moldovas president Maia Sandu i statsministerbustaden.
Ein fotopool beståande av akkrediterte fotografar frå NTB og NRK/TV2 kan fotografere når presidenten kjem til statsministerbustaden, og ved starten av møtet.
Oppmøte for akkrediterte fotografar (sjå lenke til UD lenger ned) i Riddervoldsgate 2 seinast kl. 10.00. Ta med pressekort og gyldig id.
Akkrediteringsfrist for statsbesøket er 30. april.
Kl. 11.15: Pressekonferanse med statsminister Jonas Gahr Støre og president Maia Sandu i regjeringa sitt representasjonsanlegg i Riddervolds gate 2. Pressekonferansen skjer på engelsk. Det er høve til å stille spørsmål i plenum.
Oppmøte for akkreditert presse seinast kl. 10.45 i Riddervolds gate 2. Ta med pressekort og gyldig id.
Pressekonferansen blir filma av Departementenes sikkerhets- og serviceorganisasjon (DSS) og kan følgjast direkte på www.regjeringa.no. Der kan også videofila lastast ned i etterkant. DSS distribuerer som vanleg publiseringspunkt til media som vil sende pressekonferansen direkte. DSS kan kontaktast på telefon 22 24 88 45 eller e-post dss-videoproduksjon@dss.dep.no.
Kl. 12.00: Statsministeren er vert for regjeringa sin lunsj for Moldovas president i regjeringa sitt representasjonsanlegg i Parkveien 45. Ein fotopool av akkrediterte fotografar frå NTB og NRK/TV 2 kan fotografere ved starten av lunsjen. Oppmøte seinast kl. 11.30 i Riddervolds gate 2.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Andreas Bondevik, telefon 40 23 24 54, e-post andreas.bondevik@smk.dep.no.