Statsministeren og barne- og familieministeren inviterer til dialogmøte med tru- og livssynsorganisasjonar

Stad: Parkveien 45

Statsminister Jonas Gahr Støre og barne- og familieminister Kjersti Toppe inviterer til dialogmøte med tru- og livssynsorganisasjonar.

Krigen mellom Israel og Hamas i Gaza spreier mørke skuggar over Midtausten. Brutale angrep på sivile og store humanitære lidingar påverkar menneske langt utover regionen – også her heime. Mange kjenner på bekymring og uro. Ein del nordmenn har også nær tilknyting til regionen gjennom familie, venner eller trustilhøyrsle.

Statsministeren og barne- og familieministeren ønskjer å samtale om korleis vi i ei tid som for mange er prega av frykt og uro kan halde fram den gode dialogen, og korleis ein saman kan bidra til å førebyggje splitting og halde oppe samhald og tillit i det norske samfunnet.

Stad: Regjeringa sitt representasjonsanlegg i Parkveien 45.

Program

  • Kl. 14.30: Statsministeren ønskjer velkommen. Innleiing frå Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn. Denne delen er open for pressa.
  • Dialogmøte utan presse.
  • Pressetilgjenge for statsministeren og barne- og familieministeren om lag kl. 1545.

Me ber om påmelding til mo@smk.dep.no innan onsdag kl. 12.00. Oppmøte for presse i Riddervoldsgate 2 seinast kl. 14.00 for registrering og sikkerheitssjekk. Ta med pressekort og gyldig id.