Statsministeren til Belgia 24. april

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Statsminister Jonas Gahr Støre og olje- og energiminister Terje Aasland deltek på the North Sea Summit i Oostende i Belgia måndag 24. april. Tema for konferansen er samarbeid om fornybar energi i Nordsjøen.

Under toppmøtet deltek også regjeringsleiarar og energiministrar frå Danmark, Tyskland, Belgia, Nederland, Frankrike, Irland og Storbritannia og EU-kommisjonens president Ursula von der Leyen. Næringsliv frå Noreg og dei øvrige landa vil også vere representert.

Møtet er ein oppfølging av konferansen North Sea Summit som fann stad i Esbjerg i mai 2022 der Danmark, Tyskland, Belgia og Nederland deltok.

Toppmøtet startar klokka 15:30 24. april. Les meir på denne nettstaden: https://www.northseasummit23.be/ 

Statsministeren og olje- og energiministeren vil også gjere eit bedriftsbesøk i Gent i forkant av konferansen der tema er CCS.

Vi legg opp til organisert transport for norsk presse som er med på reisa.

Presse som ønskjer å vere med må akkreditere seg til rvi@smk.dep.no innan onsdag 12. april klokka 16:00. Det vil vere avgrensa plass til presse under toppmøtet.

Pressekontaktar for statsministeren er statssekretær Kristoffer Thoner, telefon 97 68 14 80, e-post kth@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Ingrid Brandal Myklebust, telefon 99 50 19 17, e-post ibm@smk.dep.no.

Pressekontakt for olje- og energiministeren er kommunikasjonsrådgiver Henrik Hoel, telefon 48 13 61 94, e-post henrik.hoel@oed.dep.no.