Statsministeren til den 77. generalforsamlinga i FN
Kalenderhending | Jonas Gahr Støre
Stad: New York
Statsminister Jonas Gahr Støre leiar Noregs delegasjon til den 77. generalforsamlinga i FN, UNGA. Generalforsamlinga varer frå måndag 19. september til fredag 23. september.
Frå regjeringa deltek også utanriksminister Anniken Huitfeldt, utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim og klima- og miljøminister Espen Barth Eide. Sjå meir informasjon om UNGA her.
FN har i år begrensa adgang på grunn av korona-pandemien. Mediafolk som har gyldig akkreditering frå før, vil få tilgang til FNs område. Andre mediafolk bør snarast og seinast innan fredag 2. september ta kontakt med den norske FN-delegasjonen for meir informasjon om akkreditering.
Pressekontaktar er statssekretær Siri Storstein Hytten, telefon 48114514, e-post ssh@smk.dep.no og kommunikasjonssjef Anne Kristin Hjukse, telefon 99 21 46 10, e-post ahj@smk.dep.no.