Statsministeren til den 78. generalforsamlinga i FN

Stad: New York

Statsminister Jonas Gahr Støre leiar Noregs delegasjon til den 78. generalforsamlinga i FN, UNGA. Høgnivåveka varer frå måndag 18. september til fredag 22. september.

Frå regjeringa deltek også utanriksminister Anniken Huitfeldt, utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim, klima- og miljøminister Espen Barth Eide og helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol.

Fristen for annan akkreditering er gått ut. Mediafolk som har gyldig akkreditering frå før, vil få tilgang til FNs område.

Pressekontaktar for statsministeren er statssekretær Kristoffer Thoner, telefon 97 68 14 80, e-post kth@smk.dep.no og kommunikasjonssjef Anne Kristin Hjukse, telefon 99 21 46 10, e-post ahj@smk.dep.no.