Statsministeren til Rogaland

Stad: Haugesund og Stavanger

Statsminister Jonas Gahr Støre er på reise i Haugesund og Stavanger.

Måndag 21. oktober

Kl. 09.45: Statsminister Jonas Gahr Støre besøkjer Haugaland vidaregåande skule i Haugesund der han får ei orientering frå skulen, politiet og konfliktrådet om arbeidet med å førebyggje kriminalitet, rus og utanforskap blant unge. Adresse: Spannavegen 38, Haugesund.

Kl. 12.00: Statsminister Jonas Gahr Støre besøkjer Saurdal pumpekraftverk etter ei helikoptersynfaring av Nord-Europas største vasskraftanlegg Ulla-Førre, saman med konsernsjef i Statkraft, Birgitte Ringstad Vartdal.

Presse som ønskjer delta på omvisinga kan møte på Saurdal pumpekraftverk kl. 12.30. Send påmelding til pressekontakt i Statkraft, Knut Fjeringstad, på 90 18 63 10 eller knut.fjerdingstad@statkraft.com  innan kl. 10.00 måndag. Adresse: Saurdal kraftverk, Suldalsosen.

Presse som ønskjer foto frå helikoptersynfaringa kan ta kontakt med Andreas Bondevik på telefon 40 23 24 54 eller e-post ab@smk.dep.no.

Kl. 18.00: Statsminister Jonas Gahr Støre og kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun deltek på eit folkemøte i regi av Stavanger Aftenblad om aktuelle politiske spørsmål for Rogaland og Noreg. Møtet er gratis og ope for alle. Adresse: Blåveis cafe, Søregata 22, Stavanger.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Andreas Bondevik, telefon 40 23 24 54, e-post andreas.bondevik@smk.dep.no.

Tysdag 22. oktober

Kl. 10.15: Statsminister Jonas Gahr Støre møter og får presentert produkta frå tre gründerbedrifter i Rogaland. Møtet finn stad på FOMO, eit co-workingspace på Forus i Sandnes. Arrangør er Innovasjon Noreg Rogaland. Statsministeren er tilgjengeleg for pressa i samband med besøket. Adresse: Grenseveien 21, Sandnes.

Kl. 12.40: Statsministeren besøkjer bedrifta Attende, der heile staben er tilsett gjennom NAV på varig tilrettelagde arbeidsplassar (VTA). Adresse: Forusskogen 9, Stavanger.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Andreas Bondevik, telefon 40 23 24 54, e-post andreas.bondevik@smk.dep.no.