Statsministeren til Svalbard

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Statsminister Jonas Gahr Støre er på Svalbard onsdag 1. og torsdag 2. mars.

Onsdag 1. mars

Kl. 1330: Fotomogelegheit på Polarsyssel som er Sysselmeisteren sitt tenestefartøy. Presse som ønskjer å ta foto på Polarsyssel, må melde seg på til: EvaTherese.Jenssen@sysselmesteren.no innan tysdag 28. februar kl. 1600. Oppmøte seinast kl. 1320. Adresse: Gammelkaia.

Kl. 1350: Orientering frå leiar i Visit Svalbard Ronny Brunvoll om reiselivet på Svalbard. Adresse: Sysselmeisteren sin Sjøgarasje.

Kl. 1440: Scooter-tur med avgang frå SSU-sletta.

Kl. 1630: Besøk til Store Norske, Gruve 7. Statsministeren møter tilsette og tillitsvalde og får orientering om selskapet og omstillinga til selskapet. Det blir også omvising i Gruve 7. Presse som ønskjer å dekkje besøket må akkreditere seg til: Katrin.haram@snsk.no innan tysdag 28. februar kl. 1600.

Torsdag 2. mars

Kl. 1010: Statsministeren besøkjer Universitetssenteret på Svalbard (UNIS). Presse som ønskjer å dekkje besøket må møte i resepsjonen hjå Svalbard Forskningspark seinast kl. 1000. Adresse: Svalbard Forskningspark.

Kl. 1100: Statsministeren deltek i den offisielle opninga av Svalbard folkehøgskule sitt nye skulebygg.

Pressekontakt for statsministeren er politisk rådgivar Emma Svarva Giskås, telefon 93 80 94 69, e-post esg@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 97 53 09 48, e-post ano@smk.dep.no.