Statsministeren til Tallinn

Stad: Estland

Statsminister Jonas Gahr Støre besøkjer Tallinn, der han skal ha møte med Estlands statsminister Kaja Kallas med påfølgjande pressekonferanse.

Statsministeren skal delta i eit rundebord om havvind med deltaking frå både estisk og norsk side, og han skal besøke CR14 cyber range som er ein øvingsbane og kompetansemiljø for cybersikkerheit og -forsvar. Denne blei etablert som både ein nasjonal kapasitet for estisk cyberforsvar (Estonia Cyber Range) og ein NATO-kapasitet (NATO Cyber Range). 

Presse som ynskjer å dekkje statsministerens besøk til Tallinn må akkreditere seg til ano@smk.dep.no innan tysdag 21. november.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon, 97 53 09 48, e-post ano@smk.dep.no.