Statsministeren til Tromsø, Nordland og Trøndelag
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Statsministerens kontor
Pressemelding | Nr: 120/16 | Dato: 24.11.2016
Frå laurdag 26. til tysdag 29. november besøkjer statsministeren Tromsø og fleire stader i Nordland og Nord-Trøndelag. Reisa dekker mange tema mellom anna reiseliv, skule og integrering, helse, næringsliv og arbeidsplassar.
Programmet er justert 28. og 29. november 2016
Laurdag 26. november
Statsministeren er i Tromsø.
Kl. 11.30 Statsministeren besøkjer Noregs sjømatråd, der ho får ei oppdatering på eksport av norsk sjømat. Stad: Stortorget 1.
Kl. 12.30 Statsministeren deltek på Troms Høgre sitt fylkesårsmøte. Stad: Radisson Blu hotell.
Kl. 15.00 Erna Solberg taler ved julegrantenninga på Stortorget.
Ca. kl. 15.45 Statsministeren besøker Kafe X i Vestregata 66 og gatemagasinet Virkelig i Storgata 118.
Sundag 27. november
Kl. 11.00 Statsministeren deltek på familiegudsteneste i Ishavskatedralen, etterfulgt av julegrantenning og kyrkjekaffi.
Statsministeren kjem til Fauske sundag ettermiddag.
Kl. 16.00 Deltar ho på Raudekrossen sin frivillighetsmiddag på Fauske Hotell. Seinare reiser ho vidare med tog til Mo i Rana.
Måndag 28. november
I Mo i Rana besøkjer statsministeren Lyngheim skule og Helgelandssjukehuset.
Kl. 08.15 kjem statsministeren til Lyngheim skule.
Kl. 09.30 Er det besøk på Helgelandssjukehuset. Tema for besøket til sjukehuset er pakkeforløp kreft.
Kl. 10.30 Avsluttar statsministeren med besøk til Celsa smelteverk i Mo Industripark.
Deretter reiser ho vidare til Mosjøen.
Kl. 12.45 Besøkjer statsministeren Widerøe Internet AS. Sted: Strandgata 15.
Pressekontaktar
Pressekontakt er politisk rådgivar Hans Christian K. Hansson tlf. 924 58 181.
Pressekontakt for Nordland og Namdal er kommunikasjonsrådgivar Camilla Pettersen tlf. 951 05 064.
Pressekontakt for Trøndelag er kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog tlf. 975 30 948.