Statsministeren tilgjengeleg for pressa på Gardermoen

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

I samband med at rundt 80 norske borgarar som har kome ut frå Gaza landar på Gardermoen i kveld, er statsminister Jonas Gahr Støre tilgjengeleg for pressa om lag kl. 20:45 (kan bli endringar).

Presse som ønskjer intervju med statsministeren i kveld, må akkreditere seg til ano@smk.dep.no innan kl. 19:45.

Adresse: Utanfor porten ved Mottakssenteret, GA-terminalen, Hans Gaarders vei 85.

Statsministeren er til stades ved mottaket av dei norske borgarane som har kome ut frå Gaza. Dette skjer utan presse til stades.

Pressekontaktar for statsministeren er statssekretær Halvard Ingebrigtsen, telefon 91 55 12 53, e-post hin@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 97 53 09 48, e-post ano@smk.dep.no.