Statsministerens program veke 10
Pressemelding | Nr: 41/22 | Dato: 06.03.2022 | Statsministerens kontor
Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).
Måndag 7. mars
Kl. 18.30: Statsminister Jonas Gahr Støre deltek på eit arrangement i regi av Oslo Redaktørforening der han skal delta i ei panelsamtale.
Pressekontaktar for statsministeren er statssekretær Tale Benedikte Jordbakke, telefon 97 65 14 57, e-post tjo@smk.dep.no og kommunikasjonssjef Anne Kristin Hjukse, telefon 99 21 46 10, e-post ahj@smk.dep.no.
Tysdag 8. mars
Kl. 10.00: Statsminister Jonas Gahr Støre besøkjer Yara Porsgrunn for å ta første spadetak for produksjon av grøn ammoniakk. Adresse: Yara Porsgrunn, Herøya Industripark, Hydrovegen 55.
Pressekontaktar er statssekretær Siri Storstein Hytten, telefon 48 11 45 14, e-post ssh@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Ingrid Brandal Myklebust, telefon 99 50 19 17, e-post ibm@smk.dep.no.
Presse som skal dekkje arrangementet, må akkreditere seg til hilde.steinfeld@yara.com, telefon 99 35 30 30 innan utgangen av måndag 7. mars.
Kl. 11.30: Statsministeren besøkjer bedrifta Inovyn/Ineos og får mellom anna ei omvising i petrokjemianlegga og ein gjennomgang av planane for reduserte klimautslepp. Adresse: Herreveien 801, Stathelle.
Pressekontaktar er statssekretær Siri Storstein Hytten, telefon 48 11 45 14, e-post ssh@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Ingrid Brandal Myklebust, telefon 99 50 19 17, e-post ibm@smk.dep.no.
Kl. 15.00: Statsministeren møter FNs høgkommissær for flyktningar.
Kl. 1540: Pressetilgjenge etter møtet. Oppmøte for pressefolk i Riddervoldsgate 2 seinast klokka 1515. Presse kan akkreditere seg til: rvi@smk.dep.no. Ta med pressekort og gyldig ID.
Pressekontakt er fagdirektør Tor Borgersen, telefon 90 93 89 87, e-post tab@smk.dep.no.
Kl. 16:30: Statsministerens deltek på livesending om 8. mars saman med kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen.
Kl. 17.00 Statsministeren besøkjer Oslo Aps markering av kvinnedagen. Adresse: partikontoret på Youngstorget.
Pressekontakt er statssekretær Siri Storstein Hytten, telefon 48114514, e-post ssh@smk.dep.no.
Onsdag 9. mars
Statsminister Jonas Gahr Støre besøkjer København. På programmet står mellom anna:
Kl. 09.20: Rundebord om CSS med dansk og norsk næringsliv.
Kl. 12.00: Bilateralt møte med statsminister Mette Frederiksen. Kort etterfølgjande pressemøte. Presse som skal vere til stades på pressemøtet, må akkreditere seg til: presse@stm.dk.
Kl. 14.00: Møte og seminar om framtidas havvind med dansk og norsk næringsliv.
Kl. 15.15: Møte om offentleg-privat samarbeid.
Norsk presse som ønskjer å følgje statsministeren denne dagen, må akkreditere seg til: ano@smk.dep.no.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 97 53 09 48, e-post ano@smk.dep.no.
Torsdag 10. mars
Kl. 13.00: Statsministeren deltek på «politisk lunsj» ved Oslo katedralskole. Der skal han halde foredrag om grøn omstilling. Adresse: Ullevålsveien 31.
Kl. 13.40: Statsministeren og kunnskapsminister Tonje Brenna møter elevar ved Oslo katedralskole. Temaet for møtet er to år sidan koronatiltaka vart innført i Noreg. Adresse: Ullevålsveien 31.
Pressekontaktar er kommunikasjonsrådgivar Kaja Schill Godager, telefon 91 91 98 93, e-post ksg@smk.dep.no og politisk rådgivar Emma Svarva Giskås, telefon 93 80 94 69, e-post esg@smk.dep.no.
Måndag 14. mars
Regjeringa startar budsjettarbeidet for 2023 med budsjettkonferanse på Klækken hotell.
Budsjettkonferansen varer frå 14. til 16. mars. I samband med at konferansen startar, vil det bli ei kort presseorientering kl. 09.20 og deretter fellesfoto av regjeringa. Pressa vil bli sleppt inn på området frå kl. 09.00.
Fotografar og journalistar som ønskjer å delta må akkreditere seg til rvi@smk.dep.no innan fredag 11. mars kl. 12.00. Bilnummer på køyretøy må meldast inn samtidig. Pressefolk som kjem til Klækken hotell må ta med pressekort og godkjent id.
Pressekontakt er statssekretær Tale Benedikte Jordbakke, telefon 97 65 14 57, e-post tjo@smk.dep.no og kommunikasjonssjef Anne Kristin Hjukse, telefon 99 21 46 10, e-post ahj@smk.dep.no.