Statsministerens program veke 10

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).

Søndag 5. – 7. mars

Regjeringa startar budsjettarbeidet for 2024 med budsjettkonferanse på Klækken hotell.

Budsjettkonferansen varer frå 5. til 7. mars. I samband med at konferansen startar, vil det bli ei kort presseorientering søndag kl. 10.15 og deretter fellesfoto av regjeringa. Pressa vil bli sleppt inn på området frå kl. 09.45.

Fotografar og journalistar som ønskjer å delta må akkreditere seg til rvi@smk.dep.no innan fredag 3. mars kl. 16.00. Bilnummer på køyretøy må meldast inn samtidig. Pressefolk som kjem til Klækken hotell må ta med pressekort og godkjent id. Adresse: Klækken hotell, Hadelandsveien 386.

Pressekontaktar for statsministeren er statssekretær Kristoffer Thoner, telefon 97 68 14 80, e-post kth@smk.dep.no og kommunikasjonssjef Anne Kristin Hjukse, telefon 99 21 46 10, e-post ahj@smk.dep.no.

Pressekontakt for finansministeren er statssekretær Lars Vangen, telefon 99 24 01 87, e-post lars.vangen@fin.dep.no.

Onsdag 8. mars

Statsminister Jonas Gahr Støre er i Porsanger.

Kl. 16.45: Statsministeren besøker Porsangermoen leir. Besøket vil handle om Finnmark landforsvar og innsatsstyrken i Heimevernet. Statsministeren vil møte soldatar og tilsette. Adresse: Porsangermoen Leir.

Kl. 19.30: Statsministeren deltek på eit ope 8. mars-arrangement i Lakselv. Adresse: Fefo-bygget, Idrettsveien 2.

Torsdag 9. mars

Statsministeren er i Karasjok og Alta.

Kl. 09.00: Statsminister Jonas Gahr Støre og sametingspresident Silje Karine Muotka besøker reindriftssamar i Karasjok. Transport til sidaen vil vere med scooter, og det vil bli sett opp transport med scooter også for presse. Presse som ønskjer å vere med på besøket, må akkreditere seg til rvi@smk.dep.no seinast måndag 6. mars kl. 15.00. Det er avgrensa med plassar for pressa, så vi kan derfor ikkje garantere at alle som ønskjer får plass.

Kl. 13.30: Statsminister Jonas Gahr Støre møter sametingspresident Silje Karine Muotka. Det er ikkje tilgang for pressa i dette møtet, men det blir lagt opp til eit pressemøte etterpå, tentativt kl. 14.30. Adresse: Sametinget, Ávjovárgeaidnu 50, Karasjok.

Kl. 15.00: Statsministeren helser Sametinget i plenum. Adresse: Sametinget, Ávjovárgeaidnu 50, Karasjok.

Kl. 19.00: Statsministeren opnar Borealis vinterfestival. Adresse: På snøscenen i Alta sentrum.

Fredag 9. mars

Kl. 09.00: Statsministeren deltek på NHO Arktis sin konferanse Uro. Han skal halde eit innlegg og vere med i ein panelsamtale. Adresse: Scandic hotell, Alta.

Kl. 11.45: Statsministeren opnar Finnmarksløpet. Adresse: Snøscenen, gågata i Alta sentrum.

Pressekontaktar for statsministeren er politisk rådgivar Emma Svarva Giskås, telefon 93 80 94 69, e-post esg@smk.dep.no og kommunikasjonssjef Anne Kristin Hjukse, telefon 99 21 46 10, e-post ahj@smk.dep.no.

Laurdag 11. mars

Kl. 11.00: Statsministeren deltek på årsmøtet til Rogaland Ap i Stavanger.

Pressekontakt er statssekretær Kristoffer Thoner, telefon 97 68 14 80, e-post kth@smk.dep.no.