Statsministerens program veke 10

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).

Tysdag 5. mars

Kl. 10.00: Statsminister Jonas Gahr Støre er i Stortinget i samband med behandlinga av Kontroll- og konstitusjonskomiteens innstilling om regjeringsapparatets handtering av habilitetsregelverk.

Pressekontakt er statssekretær Kristoffer Thoner, telefon 97 68 14 80, e-post kth@smk.dep.no.

Torsdag 7. mars

Statsminister Jonas Gahr Støre og den finske presidenten Alexander Stubb besøkjer øvinga Nordic Response i Alta-området. Øvinga samlar om lag 20 000 soldatar frå 13 land, og finn hovudsakleg stad i det nordlege Noreg, Sverige og Finland og dessutan i det tilhøyrande luftrommet og havområdet.

Statsministeren og presidenten vil besøkje ulike avdelingar som deltek på øvinga. Dei vil og ha eit bilateralt møte om bord på eit norsk fartøy i Alta. Etter det møter dei media.

For praktisk informasjon, kontakt talsperson i Forsvaret, Vegard Finberg, telefon 95 30 36 36, e-post vfi@fd.dep.no. Påmelding gjerast gjennom denne portalen innan 6. mars kl. 18.00. Les meir om øvinga her: Nordic Response 2024 - Forsvaret

Pressekontaktar for statsministeren er statssekretær Kristoffer Thoner, telefon 97 68 14 80, e-post kth@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Andreas Bondevik, telefon 402 32 454, e-post andreas.bondevik@smk.dep.no

Søndag 10. mars

Kl. 10.30: Statsminister Jonas Gahr Støre er til stades under femmila i verdscupen i langrenn for herrar i Holmenkollen.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Tone Hertzberg, telefon 91 19 13 13, e-post the@smk.dep.no.