Statsministerens program veke 11

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).

Tysdag 12. og onsdag 13. mars

Regjeringa startar budsjettarbeidet for 2025 med budsjettkonferanse på Klækken hotell.

Budsjettkonferansen varer frå 12. til 13. mars. I samband med at konferansen startar, vil det bli ei kort presseorientering tysdag kl. 09.20 og deretter fellesfoto av regjeringa. Pressa vil bli sleppt inn på området frå kl. 09.00.

Fotografar og journalistar som ønskjer å vere til stades må akkreditere seg til rvi@smk.dep.no innan måndag 11. mars kl. 20.00. Bilnummer på køyretøy må meldast inn samtidig. Pressefolk som kjem til Klækken hotell må ta med pressekort og godkjent id. Adresse: Klækken hotell, Hadelandsveien 386.

Pressekontaktar for statsministeren er statssekretær Kristoffer Thoner, telefon 97 68 14 80, e-post kth@smk.dep.no og konstituert kommunikasjonssjef Anne Nordskog, telefon 97 53 09 48, e-post ano@smk.dep.no.

Pressekontakt for finansministeren er statssekretær Lars Ravn Vangen, telefon 99 24 01 87, e-post lars.vangen@fin.dep.no.

Laurdag 16. mars

Statsministeren deltek på fylkesårsmøtet til Agder Arbeidarparti.

Pressekontakt er politisk rådgivar Emma Svarva Giskås, telefon 93 80 94 69, e-post esg@smk.dep.no.

Veke 12

Torsdag 21. mars

Statsminister Jonas Gahr Støre er i Brüssel i samband med markeringa av at EØS-avtalen er 30 år. Journalistar som er interesserte kan ta kontakt med pressekontaktane.

Pressekontaktar for statsministeren er statssekretær Kristoffer Thoner, telefon 97 68 14 80, e-post kth@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Mona Sæverud Higraff, telefon 92 05 76 50, e-post msh@smk.dep.no.