Statsministerens program veke 12

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).

Tysdag 21. mars

Kl. 09.00: Statsminister Jonas Gahr Støre taler og deltek i samtalar på opninga av Respons, regjeringa si landsomfattande konferanseserie for ein framtidsretta og inkluderande utanrikspolitikk. Sjå eiga nettside for fleire detaljar og påmelding. Utanriksdepartementet arrangerer konferansen i samarbeid med NUPI. Adresse: Sentralen, Øvre Slottsgate 3, Oslo.

Statsministeren er tilgjengeleg for presse om lag kl. 10.00.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Helene Megaard, telefon 98 83 62 99, e-post hem@smk.dep.no.

Fredag 24. mars

Statsminister Jonas Gahr Støre møter Natos generalsekretær Jens Stoltenberg til samtalar i hovudkvarteret til Nato i Brussel. Tema for møtet er korleis krigen i Ukraina påverkar alliert sikkerheit, støtte til Ukraina, førebuingar til Nato-toppmøtet i Litauen i juli og arbeidet med vern av undersjøisk infrastruktur. Statsministeren skal også møte tilsette ved den norske Nato-delegasjonen.

Generalsekretæren og statsministeren er tilgjengelege for presse om lag kl. 15.15.

Presse som ikkje har Nato-akkreditering må akkreditere seg i NATO accreditation portal seinast på ettermiddagen måndag 20. mars. OBS! Merk kort frist.

Pressekontaktar for statsministeren er statssekretær Halvard Hølleland, telefon 99 51 43 51, e-post haho@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Ingrid Brandal Myklebust, telefon 99 50 19 17, e-post ibm@smk.dep.no