Statsministerens program veke 13
Pressemelding | Dato: 25.03.2025 | Statsministerens kontor
Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 13.00 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).
Torsdag 27. mars
Statsminister Jonas Gahr Støre deltek på eit toppmøte om Ukraina i Paris, for europeiske partnarar og allierte. Det er Frankrikes president Emmanuel Macron som har teke initiativ til dette møtet for Ukrainas støttespelarar, omtalt som «koalisjonen av dei villige».
Møtet er ei oppfølging av fleire europeiske toppmøte om Ukraina, leia av Frankrike og Storbritannia.
Møtet finn stad torsdag 27. mars kl. 09.15 i Elyséepalasset.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Tone Hertzberg, telefon 91 19 13 13, e-post the@smk.dep.no.
Fredag 28. mars
Kl. 14.40: Statsminister Jonas Gahr Støre møter Latvias president Edgars Rinkēvičs, til samtalar i regjeringa sitt representasjonsanlegg i Parkveien 45.
Fotografar som ønskjer å ta foto ved ankomst må melde seg til rvi@smk.dep.no innan fredag 28. mars kl. 12.00. Oppmøte seinast kl. 14.10 i Riddervoldsgate 2. Ta med pressekort og gyldig id.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Martin Lerberg Fossum, telefon: 46 81 98 12, e-post: mlf@smk.dep.no.