Statsministerens program veke 14

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).

Onsdag 3. april

Statsminister Jonas Gahr Støre deltek på forskingspolitisk treff kl.18.00. Stad: Det Norske Vitenskapsakademi i Oslo.

Pressekontakt er statssekretær Halvard Hølleland, telefon 99 51 43 51, e-post haho@smk.dep.no.

Torsdag 4. april

Statsminister Jonas Gahr Støre deltek på ein konferanse som markerer NATOs 75-årsjubileum kl. 09.00. Statsministeren skal halde eit opningsinnlegg om Noreg og Norden i NATO. Konferansen blir arrangert av Den norske atlanterhavskomité, IFS og NUPI. Stad: Gamle Logen i Oslo.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 97 53 09 48, e-post ano@smk.dep.no.

Fredag 5. april

Statsminister Jonas Gahr Støre, finansminister Trygve Slagsvold Vedum og forsvarsminister Bjørn Arild Gram legg fram langtidsplanen for forsvaret. Pressekonferansen blir heldt på kystvaktskipet KV Bjørnøya kl. 11.45. Skipet ligg ved Revierkaia.

Presse som ønskjer å vere til stades må akkreditere seg til rvi@smk.dep.no innan torsdag 4. april kl. 15.00. Ta med pressekort og gyldig ID.

Pressekontaktar for statsministeren er statssekretær Kristoffer Thoner, telefon 97 68 14 80, e-post kth@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Tone Hertzberg, telefon 91 19 13 13, e-post the@smk.dep.no.

Pressekontaktar for finansministeren er statssekretær Lars Ravn Vangen, 99 24 01 87, lars.vangen@fin.dep.no, og kommunikasjonsrådgivar Celine Lyse Augdal, 95847156, cela@fin.dep.no

Pressekontakt for forsvarsministeren er fagdirektør Trond Øvstedal, telefon 975 29 556, e-post Trond.Ovstedal@fd.dep.no.

Statsminister Jonas Gahr Støre deltek på Norsk Studentorganisasjons landsmøte i Tønsberg kl. 15:00. Statsministeren skal halde ei helsingstale. Stad: Quality Hotel Tønsberg.

Pressekontaktar er politisk rådgivar Emma Svarva Giskås, telefon 93 80 94 69, e-post esg@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Øyvind Stokke, telefon 48 24 76 01, e-post oyvind.stokke@smk.dep.no.

Måndag 8. april

Statsminister Jonas Gahr Støre deltek på Arbeiderpartiet sitt landsstyremøte kl. 12.00. Stad: Oslo Kongressenter. Presse som ønskjer å delta må melde seg på hos Arbeiderpartiet.

Pressekontakt er statssekretær Kristoffer Thoner, telefon 97 68 14 80, e-post kth@smk.dep.no.