Statsministerens program veke 15

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).

Måndag 8. og tysdag 9. april

Kl. 12.00: Statsminister Jonas Gahr Støre deltek på Arbeiderpartiet sitt landsstyremøte. Stad: Oslo Kongressenter. Presse som ønskjer å delta må melde seg på hos Arbeiderpartiet.

Pressekontakt er statssekretær Kristoffer Thoner, telefon 97 68 14 80, e-post kth@smk.dep.no.

Onsdag 10. april

Kl. 11.00: Statsminister Jonas Gahr Støre besøkjer Ørland flystasjon. Der skal han mellom anna få ei orientering om kampflybasen, luftvern og F35. Adresse: 7130 Brekstad.

Presse som ønskjer å vere til stades må akkreditere seg til rvi@smk.dep.no innan tysdag 9. april kl. 10.00. Ta med pressekort og gyldig ID. Presse må møte opp ved Lerbern innan kl. 11.45 onsdag 10. april.

Kl. 14.30 Statsministeren besøkjer Ole Vig vidaregåande skule i Stjørdal kommune. Der skal han snakke om russetida med russen og skuleleiinga. Adresse: Gymnasgata 2, 7505 Stjørdal.

Pressekontaktar er politisk rådgivar Emma Svarva Giskås, telefon 93 80 94 69, e-post esg@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Mona Sæverud Higraff, telefon 92 05 76 50, e-post msh@smk.dep.no.

Torsdag 11. april

Kl. 09.00: Statsminister Jonas Gahr Støre deltek på SHE Conference. Der skal han halde eit innlegg og delta i ei panelsamtale med Dr. Chelsea Clinton og Jen Lee Koss. Stad: Oslo Spektrum.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Andreas Bondevik, telefon 40 23 24 54, e-post andreas.bondevik@smk.dep.no.

Måndag 15. april

Statsminister Jonas Gahr Støre er i Bergen. Han skal mellom anna halde opningsinnlegget på One Ocean Summit og halde eit føredrag i Studentersamfunnet i Bergen.

Pressekontaktar er statssekretær Kristoffer Thoner, telefon 97 68 14 80, e-post kth@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Ingrid Brandal Myklebust, telefon 99 50 19 17, e-post ibm@smk.dep.no

Sundag 21. og måndag 22. april

Statsminister Jonas Gahr Støre deltek saman med næringsminister Jan Christian Vestre og energiminister Terje Aasland på Hannovermessa i Tyskland. Messa blir rekna som ei av dei leiande industrimessene i verda, og Noreg er i år utvalt som partnarland. Som partnarland vil Noreg få ei framståande rolle. Deltakinga vil gå under overskrifta «NORWAY 2024: Pioneering the green industrial transition».

Presse som ønskjer å delta kan akkreditere seg på nettsida til Hannovermessen.

Pressekontakt for statsministeren er kommunikasjonsrådgivar Andreas Bondevik telefon 40 23 24 54, e-post: ab@smk.dep.no.

Pressekontakt for energiministeren er kommunikasjonsrådgivar Jo Henrik Jarstø, telefon 99 55 75 23, e-post: jo-henrik.jarsto@ed.dep.no.

Pressekontakt for næringsministeren er kommunikasjonsrådgivar Per Aubrey B. Tenden, telefon 90 09 10 62 e-post pabt@nfd.dep.no