Statsministerens program veke 15

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 13.00 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).

Måndag 7. april

Statsminister Jonas Gahr Støre er i Brüssel, der han mellom anna skal møte presidenten i Europakommisjonen, Ursula von der Leyen, og opne næringslivsarrangementet «EU-Norway: partners for European security and competetiveness» saman med visepresident i Europakommisjonen, Teresa Ribera.

Her deltek representantar frå Europakommisjonen, NHO, LO og frå norsk og europeisk næringsliv.

Statsministeren skal også ha eit eige møte med representantar frå norsk næringsliv, NHO og LO.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Mona Sæverud, telefon 92 05 76 50, e-post msa@smk.dep.no.

Tysdag 8. april

20.00: Statsminister Jonas Gahr Støre deltek på gallamiddag på Slottet, i samband med statsbesøket frå Island.

Sjå eiga pressemelding for fleire detaljar om presidentbesøket.

Onsdag 9. april

Kl. 12.30: Statsminister Jonas Gahr Støre møter Islands president Halla Tómasdóttir til samtalar i regjeringa sitt representasjonsanlegg i Parkveien 45.

Kl. 13.15: Statsministeren er vert for regjeringa sin lunsj for Islands presidentpar i Parkveien 45. Fristen for akkreditering er gått ut.

Pressefolk som ønskjer å dekkje besøket, må melde seg på til rvi@smk.dep.no innan tysdag 8. april.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Mona Sæverud, telefon 92 05 76 50, e-post msa@smk.dep.no.

Kl. 18.00: Statsminister Jonas Gahr Støre deltek saman med finansminister Jens Stoltenberg på Politisk pub på Carls i Oslo, der dei snakkar om Noreg i ei uroleg tid. Samtalen vert leia av Lars West Johnsen. Adresse: Trondheimsveien 113.

Pressekontakt er statssekretær Kristoffer Thoner, telefon 97 68 14 80, e-post kth@smk.dep.no.

Veke 19

8. og 9. mai er det møte i Joint Expeditionary Force (JEF) i Oslo. Fleire detaljar om programmet kjem seinare.

Media som ynskjer å dekkje JEF-møtet må akkreditere seg her: 

Pressekontaktar ved Statsministerens kontor er kommunikasjonssjef Anne Kristin Hjukse, telefon 99 21 46 10, e-post ahj@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Martin Lerberg Fossum, telefon 46 81 98 12, e-post mlf@smk.dep.no.

On May 8 and 9, there will be a meeting of the Joint Expeditionary Force (JEF) in Oslo. More details about the program will follow later.

Media wishing to cover the JEF meeting must be accredited here:

The press contacts for Prime Minister Støre are Head of Communications Anne Kristin Hjukse, e-mail anne-kristin.hjukse@smk.dep.no, telephone +47 99 21 46 10 and Communications adviser Martin L. Fossum, telephone +47 46 81 98 12, e-mail mlf@smk.dep.no

--

Pressemeldingen er oppdatert 8. april 2025 med akkrediteringsinformasjon om JEF-møtet i Oslo i mai.

Tilbakemeldingsskjema

Fant du det du lette etter?

Tusen takk for ditt svar!

Det er ikke deg, det er oss.

Det oppsto en uventet feil med serveren. Prøv igjen senere.