Statsministerens program veke 16

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).

Måndag 17. april

Statsminister Jonas Gahr Støre deltek på regjeringa sin havkonferanse i Bergen saman med klima- og miljøminister Espen Barth Eide, olje- og energiminister Terje Aasland, fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran, arbeids- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen og utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim.

Etter konferansen, og før lunsjen om bord Statsraad Lehmkuhl, vil statsministeren smake på framtidas mat frå havet på kaia saman med fiskeri- og havministeren og utviklingsministeren.

Pressekontaktar for statsministeren er politisk rådgivar Emma Svarva Giskås, telefon 93 80 94 69, e-post esg@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Ingrid Brandal Myklebust, telefon 99 50 19 17, e-post ibm@smk.dep.no.

Kl. 16.40: Statsministeren deltek på sentralstyremøte i Arbeiderpartiet på partikontoret på Youngstorget.

Pressekontakt er statssekretær Kristoffer Thoner, telefon 97 68 14 80, e-post kth@smk.dep.no.

Tysdag 18. april

Kl. 13.30: Statsministeren leier eit digitalt møte i Global Energy Alliance for People and Planet (GEAPP). Tema for møtet er korleis ein kan få ned kostnaden på teknologi til produksjon av fornybar energi og energilagringsløysingar i utviklingslanda.

Kl. 21.15: Statsministeren besøkjer studentsamfunnet i Bodø, der han snakkar om kor viktig Nord-Noreg er for Noreg og verda i ei ny tid, og svarer på spørsmål frå studentane. Adresse: Samfunnet i Bodø, Kudalsveien 4.

Pressekontaktar er statssekretær Kristoffer Thoner, telefon 97 68 14 80, e-post kth@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Tone Hertzberg, telefon 91191313, e-post the@smk.dep.no.

Onsdag 19. april

Kl. 08.30: Statsminister Jonas Gahr Støre deltek på Rådhusmøtet i Bodø. Rådhusmøtet er eit årleg møte for å fremme barn og unges deltaking i demokratiet. Elevar frå alle skolane i Bodø fordeler pengar til konkrete prosjekt. Adresse: Bodø rådhus, Dronningens gate 15.

Kl. 09.15: Statsministeren får ei orientering om Arctic Gaming Experience og møter e-sportutøvarar i ei samtale om levande lokalsamfunn, ungdom og gaming. Adresse: Stormen bibliotek, Storgata 1 A, Bodø.

Kl. 11.15: Statsministeren taler på High North Dialogue-konferansen i Bodø. Adresse: Radisson Blu Hotel, Storgata 2, Bodø.

Kl. 13.30: Statsministeren besøkjer Vest-Lofoten videregående skole, som har berekraftveke denne veka. Han held innlegg og svarer på spørsmål frå elevane. Adresse: Idrettsgata 64, Leknes.

Kl. 14.45: Statsministeren besøkjer Ballstad Slip. Tema for besøket er nye båtar og elektrifisering av fiskeflåten, og nettverket ZeroKyst. Adresse: Oppsåttveien 4, Ballstad.

Kl. 15.45: Statsministeren besøkjer Hemmingodden Lodge. Tema for besøket er reiseliv. Adresse: Oppsåttveien 10, Ballstad.

Pressekontaktar er statssekretær Kristoffer Thoner, telefon 97 68 14 80, e-post kth@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Tone Hertzberg, telefon 91191313, e-post the@smk.dep.no.

Torsdag 20. april

Kl. 10.00: Statsminister Jonas Gahr Støre deltek på opninga av Barne- og ungdomstinget (Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU) sitt representantskapsmøte). Adresse: NHO, Middelthunsgate 27, Oslo.

Pressekontaktar er politisk rådgivar Emma Svarva Giskås, telefon 93 80 94 69, e-post esg@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Øyvind Stokke, telefon 48 24 76 01, e-post oyvind.stokke@smk.dep.no.

Veke 17

Måndag 24. april

Statsminister Jonas Gahr Støre og olje- og energiminister Terje Aasland deltek på the North Sea Summit i Oostende i Belgia. Tema for konferansen er samarbeid om fornybar energi i Nordsjøen.

Under toppmøtet deltek også regjeringsleiarar og energiministrar frå Danmark, Tyskland, Belgia, Nederland, Frankrike, Irland og Storbritannia og EU-kommisjonens president Ursula von der Leyen. Næringsliv frå Noreg og dei andre landa vil også vere representert.

Toppmøtet startar klokka 15:30. Les meir på denne nettstaden: www.northseasummit23.be

Statsministeren og olje- og energiministeren vil også gjere eit bedriftsbesøk i Gent i forkant av konferansen. Tema for besøket er norsk-belgisk industrisamarbeid for å få ned utslepp av klimagassar gjennom karbonfangst og lagring og produksjon av hydrogen. Equinor deltek saman med selskapa ArcelorMittal, Engie og Flyxys.

Presse som ønskjer å følgje statsministeren i Belgia må akkreditere seg til rvi@smk.dep.no innan 17. april.

Vi legg opp til organisert transport for norsk presse som er med på reisa.

Pressekontakt er statssekretær Kristoffer Thoner, telefon 97 68 14 80, e-post kth@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Ingrid Brandal Myklebust, telefon 99 50 19 17, e-post ibm@smk.dep.no

Pressekontakt for olje- og energiministeren er kommunikasjonsrådgiver Henrik Hoel, telefon 48 13 61 94, e-post henrik.hoel@oed.dep.no.