Statsministerens program veke 16

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).

Måndag 15. april

Kl. 10.00: Statsminister Jonas Gahr Støre taler og deltek i panel under havkonferansen One Ocean Summit i Bergen. Adresse: Håkonshallen, Bergenhus 10.

Kl. 13.30: Statsministeren besøkjer Haakonsvern orlogsstasjon, der han mellom anna skal om bord og møte personell på ubåten KNM Utvær og fregatten KNM Otto Sverdrup.

Presse som vil delta på besøket må akkreditere seg til sjo.cmt@mil.no innan måndag 15. april klokka 10.00.

Kl. 16.00: Statsministeren besøkjer Studentersamfunnet i Bergen, der han skal tale om den økonomiske situasjonen og svare på spørsmål frå studentane. Adresse: Det akademiske kvarter, Olav Kyrres gate 49.

Kl. 18.55: Statsministeren deltek på middag på Statsraad Lehmkuhl i samband med One Ocean Summit.

Pressekontaktar er statssekretær Kristoffer Thoner, telefon 97 68 14 80, e-post kth@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Ingrid Brandal Myklebust, telefon 99 50 19 17, e-post ibm@smk.dep.no

Tysdag 16. april

Kl. 11.00: Statsministeren møter NHO Byggenæringen. Dei skal diskutere situasjonen i byggebransjen. Møtet er lukka, men fotografar kan ta bilete ved oppstart av møtet. Adresse: Lakkegata 53, Oslo.

Kl. 11.45: Statsministeren møter tillitsvalde frå entreprenørselskap innan bygg- og anleggsbransjen. Dei skal og diskutere situasjonen i byggebransjen. Møtet er lukka, men fotografar kan ta bilete ved oppstart av møtet. Adresse: Lakkegata 53, Oslo.

Statsministeren vil vere tilgjengeleg for korte kommentarar rundt kl. 12.30. Fotografar og journalistar som ønskjer å delta kan melde seg til kontaktperson Audun B. Lågøyr i Skanska (Audun.lagoyr@skanska.no) innan måndag 15. april kl. 15.30.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Kaja Schill Godager, telefon 91 91 98 93, e-post ksg@smk.dep.no.

Søndag 21. og måndag 22. april

Statsminister Jonas Gahr Støre deltek saman med næringsminister Jan Christian Vestre og energiminister Terje Aasland på Hannovermessa i Tyskland. Messa blir rekna som ei av dei leiande industrimessene i verda, og Noreg er i år utvalt som partnarland. Som partnarland vil Noreg få ei framståande rolle. Deltakinga vil gå under overskrifta «NORWAY 2024: Pioneering the green industrial transition».

Presse som ønskjer å delta kan akkreditere seg på nettsida til Hannovermessen.

Pressekontakt for statsministeren er kommunikasjonsrådgivar Andreas Bondevik, telefon 40 23 24 54, e-post: ab@smk.dep.no.

Pressekontakt for energiministeren er kommunikasjonsrådgivar Jo Henrik Jarstø, telefon 99 55 75 23, e-post: jo-henrik.jarsto@ed.dep.no.

Pressekontakt for næringsministeren er kommunikasjonsrådgivar Per Aubrey B. Tenden, telefon 90 09 10 62 e-post pabt@nfd.dep.no.