Statsministerens program veke 17
Pressemelding | Dato: 22.04.2024 | Statsministerens kontor
Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).
Måndag 22. april
Statsminister Jonas Gahr Støre deltek saman med næringsminister Cecilie Myrseth og energiminister Terje Aasland på Hannovermessa i Tyskland. Messa blir rekna som ei av dei leiande industrimessene i verda, og Noreg er i år utvalt som partnarland. Som partnarland vil Noreg få ei framståande rolle. Deltakinga vil gå under overskrifta «NORWAY 2024: Pioneering the green industrial transition».
Presse som ønskjer å delta kan akkreditere seg på nettsida til Hannovermessen.
Pressekontakt for statsministeren er kommunikasjonsrådgivar Andreas Bondevik, telefon 40 23 24 54, e-post: ab@smk.dep.no.
Pressekontakt for energiministeren er kommunikasjonsrådgivar Jo Henrik Jarstø, telefon 99 55 75 23, e-post: jo-henrik.jarsto@ed.dep.no.
Pressekontakt for næringsministeren er kommunikasjonsrådgivar Per Aubrey B. Tenden, telefon 90 09 10 62 e-post pabt@nfd.dep.no
Veke 19
Måndag 6. mai
Kl. 20.00: Moldovas president Maia Sandu er på offisielt besøk. Statsminister Jonas Gahr Støre deltek i gallamiddag på Slottet i samband med statsbesøket.
Tysdag 7. mai
Kl. 10.30: Statsministeren møter Moldovas president i statsministerbustaden. Ein fotopool beståande av akkrediterte fotografar frå NTB og NRK/TV2 kan fotografere når presidenten kjem til statsministerbustaden, og ved starten av møtet.
Oppmøte for akkrediterte fotografar (sjå lenke til UD lenger ned) i Riddervoldsgate 2 seinast kl. 10.00. Ta med pressekort og gyldig id.
Akkrediteringsfrist for statsbesøket er 30. april.
Kl. 11.15: Pressekonferanse med statsminister Jonas Gahr Støre og president Maia Sandu i regjeringa sitt representasjonsanlegg i Riddervolds gate 2. Pressekonferansen skjer på engelsk. Det er høve til å stille spørsmål i plenum.
Oppmøte for akkreditert presse seinast kl. 10.45 i Riddervolds gate 2. Ta med pressekort og gyldig id.
Pressekonferansen blir filma av Departementenes sikkerhets- og serviceorganisasjon (DSS) og kan følgjast direkte på www.regjeringa.no. Der kan også videofila lastast ned i etterkant. DSS distribuerer som vanleg publiseringspunkt til media som vil sende pressekonferansen direkte. DSS kan kontaktast på telefon 22 24 88 45 eller e-post dss-videoproduksjon@dss.dep.no.
Kl. 12.00: Statsministeren er vert for regjeringa sin lunsj for Moldovas president i regjeringa sitt representasjonsanlegg i Parkveien 45. Ein fotopool av akkrediterte fotografar frå NTB og NRK/TV 2 kan fotografere ved starten av lunsjen. Oppmøte seinast kl. 11.30 i Riddervolds gate 2.
Sjå meir om presidentbesøket i eiga pressemelding frå Utanriksdepartementet.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Andreas Bondevik, telefon 40 23 24 54, e-post andreas.bondevik@smk.dep.no.
Veke 20
Tysdag 14. mai
Statsministeren er i Paris og deltek på Summit on Clean Cooking in Africa, som statsministeren har invitert til i lag med Tanzanias president Samia Suluhu Hassan, direktøren for det internasjonale energibyrået IEA Fatih Birol og presidenten for den afrikanske utviklingsbanken Akinwumi A. Adesina. Hensikta er å mobilisere auka bistand til rein matlaging med reintbrennande kokeomnar. I dag skjer mykje av matlaginga i land i Afrika og Asia over open eld og i omnar med forureinande brensel, som mellom anna fører til alvorlege helseproblem, lokal forureining, klimautslepp og avskoging.
Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim deltek også på toppmøtet.
Presse som ønskjer å dekkje toppmøtet, må akkreditere seg til press@iea.org innan 29. april.
Pressekontakt for statsministeren er kommunikasjonsrådgivar Tone Hertzberg, telefon 91 19 13 13, e-post the@smk.dep.no.
Pressekontakt for utviklingsministeren er kommunikasjonsrådgivar Ane Jørem, ane.jorem@mfa.no, telefon 97 79 62 46.